top of page
24297613_1292575447554328_7278005370742080893_o.jpg

ENDELIG TILBAKE

Etter en usedvanlig lang tørke, står nå gjengen bak Revylaget på scenen i Meieriet for 2 dager med show! Dette blir en UFORGLEMMELIG helg som du bare må ta del i.

Amatøren Revylag

Over 40 år med revy!

Amatøren revylag vart danna som ein del av Rennesøy bygdeungdomslag og hadde si første framsyning tidleg på 1980-talet. Dei første åra i var framsyninga i forbindelse med Rennesøydagen med oppsetning i gymsalen på Rennesøy skule.

Sjøl om dei aller fleste aktørane frå den gong er utskifta, er Bente og Harald framleis med. Det har og vore ei formidabel musikalsk utvikling; frå viser akkompagnert med trekkspel til fult orkester med fult trøkk. Me er ein relativt stabil gjeng på ca 15 personar som idag dannar revygruppa. Me har i snitt hatt ei oppsetning annankvart år, i storstova vår på Meieriet. Dei siste 20 åra har overskotet frå framsyningane våre gått til fornying av lyd- og lysanlegg i Meieriet, som er, og har vore av stor betydning for både revyen og kulturlivet ellers på Rennesøy. 

Revylaget har naturleg nok ikkje vore aktiv dei siste åra pga et visst virus, men me satsar på ein ny revy i mars 2023. 

 

Kontaktperson:

Linda Dahle Brimsø

e-post; linda.brimso@lyse.net

Tlf; 93221387

  • Instagram
  • Facebook

Følg Amatøren Revylag på Facebook og Instagram

bottom of page