top of page
vikefag2.jpeg

Kva er historia til Meieriet?

Rennesøy Meieri kom i drift i 1902, etter bondeinitiativ i bygda. Først som smør-meieri, i 1917 også som ostemeieri. Kring 1950 vart Meieriet totalt fornya, På den tid hadde meieriet skapt seg eit ry som kvalitetsbedrift og var autorisert som statslærling-meieri for praksisplass for alle som utdanna seg i meierifaget i Norge. Meieriet var i heile århundret ein næringsmessig dominakt i bygdelivet.
Etterkrigsåra vart ei omfattende fornyingstid for meieribruket i heile fylket, med åra vart ca 30 bygdemeieri konsentrete til tre-fire regionale einingar. Bygningsmassen etter dei mange nybygde meieria i bygdene i 70-åra fekk ulik etterbruk. Ikkje minst vart dei overtatt av kommunanen med det føremålet å utvikla nye arbeidsplasser, skuletilbod eller kultur-aktiviteter. Alt dette var minimumsfaktorar i utviklinga av etterkrigsbygdene.

I Rennesøy vart bygget selt til kommunen. I nokre år tente det som lager for kommune-etatene, seinere kjøpte Rennesøy Sparebank/ Hetland sparebank/ Stavanger Sparekasse/SR-bank ein tredjedel av bygningsmassen til bankfilial i Vikevåg sentrum.
Fleire bruksområde for resten av bygget var drøfta, m.a. vidaregåande skule, popcorn-fabrikk og mest konkret eit driftsenter for datalagring. Men ein heil bygdegenerasjon som hadde hatt så nær og praktisk tilknytning til dette bygget, at det reiste eit ynskje om å skaffa bygda eit anna nytte-innslag som fleire bygder var i ferd med å realisera, ein felles samlingstd der lag og organisasjoner og private tiltak hadde ei felles storstove innan bygda.

Vikevåg, Rennesøy 1975 no2.jpg

Kultur til bygda

Tanken fengde. Eit interimstyre oppnemnd av små og store samanslutningar i bygda tok initiativ overfor kommunen. Arkitektfirmaet Helliesen,Hallgren og Waage vart engasjerte til å gi eit framlegg til bruksløysingar for bygget Kultursjef Grete Lamberg i kommunen utreidde finansieringsløysinger via statlege kulturmidler, og bygdefolket hadde ståplass i kommunestyresalen då ordfører Chr. O. Hausken i 1986 måtte bruka dobbeltstemma si for å klubba gjennom at Meieriet skulle leigast ut på lempelege vilkår til samfunnsføremål, i klar motsetnad til næringslivsalternativet datalagring.

Eit styre vart konstituert, studieturar til nærliggrande samfunnshus på Jæren ga nyttige bruksanvisninger, og oppslutninga i bygda var god : 28 lag og organisasjoner stilte som små og store andelskjøparar då styret gjekk i gang med finansieringsspørsmålet. Bondelaget, bygdeungdomslaget og bygdekvinnelaget blei berande krefter. Dei hadde i eit tiår arrangert Rennesøydagen og lagt opp ein del kapital til bygdeføremål. Desse pengene fann nå ei sers føremålstenleg plassering i startkapitalen for ombygginga. Viktig var også eit organisert dørsalg av andelsbrev a kr 100 til private interessenter, noko som ga både arbeidskapital og brei almeninteresse for det videre arbeidet. Aktive

Andelseigarar dreiv dugnadsarbeid for bygget, for lotteri, sal, tilstelninger og praktisk innsats for å reisa penger.

 


Samfunnshus-modellen på Jæren i desse åra var basert på dugnads-tanken, både i byggearbeid og i seinere drift. Meieriet i Vikevåg blei også drive fram etter ein slik plan. 600 000 kr i statlege tilskot
Og 200 000 i andelskapital, var det arbeidsrommet styret hadde for ei ombygging som var budsjettert til 3,2 mill. kr. Velviljuge leverandørkontraktar frå lokalt næringsliv, livleg timeinnsats frå hundrevis av frivillige hender, nøkterne innkjøp og løysinger og ikke minst inntektsgjevande aktiviteter på alt frå drivhus-riving i bygda til kaffiservering til turgrupper, julemesser og ikke minst ei dugnadsbasert forretningsdrift for alle slag private tilstellingar gjorde at byggekassen aldri var tom før bygget i si enklaste form kunne opnast for praktiske kulturarrangementer i 1992 under navnet «Meieriet A/L Eit kulturhus for Rennesøy»

Innan den tid hadde kommunen overtatt ein etasje til nåverande biblioteket . Seinare vart også to møterom utleigde til kommunen for bygdemuseum og kontor for sosial kontakt Råbygget til loftsetasjen vart overtatt av husflidlaget som eit eige dugnadsprosjekt i etterkant.

bottom of page